Jernbaneverket | |||
| |||
| |||
Forkorting | JBV | ||
---|---|---|---|
Type | Forvaltingsorgan | ||
Skipa | 1. desember 1996[1] | ||
Opphøyrt | 31. desember 2016[2] | ||
Org.nummer | 971033533 | ||
Jernbanedirektør | Elisabeth Enger | ||
Hovudkontor | Stortorvet 7, Oslo | ||
Eigar | Samferdsledepartementet | ||
Tilsette | 3 996 (2014)[3] | ||
Nettside | jernbaneverket.no |
Jernbaneverket (ofte avstutta til JBV) var ein norsk statleg etat som hadde som oppgåve å drive, vedlikehalde og byggje ut statseigde jarnbaneliner i Noreg, den såkalla infrastrukturen for det offentlege jarnbanenettet: sjølve lina med bruar og tunnellar, skjener og sporvekslarar (pensar), køyreleidningar og systema for tilførsle av straum til desse leidningane, signalanlegg og alt anna som høyrer til, mellom anna stasjonar og større stasjonsbygningar.
Som fylgje av den såkalla jarnbanereforma vart Jernbaneverket omdanna til statsføretaket Bane NOR frå 1. januar 2017. Bane NOR er eigd av staten åleine, og skal stå for planlegging, utbygging, forvaltning, drift og vedlikehald av det nasjonale jarnbanenettet i Noreg, inkusive trafikkstyringa, og skal dessutan stå for forvaltinga og utviklinga av jernbaneeigedomane. Jernbaneverket vart såleis avvikla 31. desember 2016, og oppgåvene ført over til Jernbanedirektoratet og Bane NOR.[2]